30. nov. 2017

Tung tids tale


av Olaug Nilssen

Samlaget, 2017


Diagnosesamfunnet, må alt liksom heite noko? Kvifor får ein ikkje berre vere den ein er, utan at det på død og liv må heite noko? Dette er spørsmålet Olaug Nilssen innleier romanen Tung tids tale med, boka som ho vann Brageprisen 2017 i klassa skjønnlitteratur for tidlegare i haust. I Tung tids tale blir vi kjende med Daniel og Olaug. Daniel er ni år og har diagnosen autisme. Olaug er snart førti og mora hans.

Boka handlar om Daniel. Det vakre barnet. Lys, blåøygd og med bollekinn. Daniel som er det første barnebarnet på begge sider. Daniel som smiler og strålar og har lært å snakke, lært å synge, lært å lage eggerøre og røre i grauten, Daniel som allereie kan namnet på mange dyr, gnu for eksempel. Daniel som kan synge og treffe alle halvtonane i Blåmann. Daniel som rundt treårsalderen begynner å miste språk, kommunisere mindre og mindre, blir uroleg og endrar personlegdom.

Boka handlar om Olaug. Den stolte mora, smilande ved sida av sonen på helsestasjonen da han var først ute med å løfte seg frå golvet, smilande da han som førstemann reiste seg og stod ved salongbordet, stolt smilande da han syng Mikkel rev prikkfritt i barnevogna før han fyller to. Mora som blir meir og meir bekymra når utviklinga stoppar opp og går attende, mora som blir frustrert og  kjenner på eit sinne som ho strevar med å meistre, som dømmer seg sjølv som ueigna mor, som må ta  inn over seg den alvorlege diagnosen til sonen og kjempe for at han og familien skal få den hjelpa og støtta dei treng. Olaug er mora som får beskjed om at ho må stå i det. Som innser at dette er sant. At det er berre det som  gjeld. Å stå i det.

Tung tids tale er eit blikk inn i det som for mange er ei totalt ukjend røynd. Det er eit vitnesbyrd frå foreldreståstad om kvardagen og utfordringane han byr på for ein familie i ein vanskeleg livssituasjon og om tankar og kjensler knytt til det å ha eit barn som får ein alvorleg diagnose. Mitt ynskje er at boka blir pensum for alle som jobbar med barn og unge, for legar og psykologar som stiller diagnosar og for andre helse- og omsorgsarbeidarar og fagpersonar som møter denne tematikken i jobben sin. Sist, men ikkje minst, er dette ei kjærleikshistorie om ei mor og eit barn. Ei historie om eit unikt barn, ein gut som er den han er, uansett kva merkelapp samfunnet har sett på han. Tung tids tale er ei bok eg håpar mange vil lesa og bli klokare av.

Rita Mundal
Lom folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...