8. nov. 2017

Ting vi mistet i brannen

av Mariana Enriquez 

Gyldendal, 2017


Gjennom tolv noveller blir vi i denne boka med til Argentina, og det er inga snill reise gjennom Enriquez sitt Argentina vi gjer. Gjennom provoserande, direkte og brutale skildringar blir vi vitne til eit omsynslaust samfunn der fattigdom, kriminalitet og vald set standarden for kva eit kvardagsliv er, kva eit menneskeliv er. I novellene lev svart magi og overtru i sterk symbiose med den faktiske røyndommen. Her er urovekkjande forsvinningar, mord og sinnsforvirring, og alle detaljar tel (makabre såleis). Det er kort veg frå normal tilstand til total villskap. I «Pablito spikret spikeren (…)» høyrer vi om bussturguiden Pablo som er oppsett på historia om kanskje den mest berømte seriemordaren i Argentinas historie, Petiso med dei store øyro. Petiso kunne korkje lese eller skrive, han gjekk etter barn og dyr – han byrja å drepe i ein alder av 9 år, berre barnet sjølv. I «Huset til Adela» er ei ung jente sjalu på broren og nabojenta Adela når dei får lov til å sjå skrekkfilmar, men ikkje ho. Etter kvart blir dei tre oppsett på eit forlate hus i nabolaget, dei bestemmer seg for å gå inn i huset. Det utviklar seg fort til eit mareritt; huset summar, Adela skrik, og forsvinn – borte er ho. Som lesar kjenner du ei spenning, nesten ei suggererande kraft som vil dra deg inn til ein plass – ein plass du kanskje eigentleg ikkje vil vere. Du undrar kvar gong på kvar historia vil ende…

Ei mor og guten hennar forsvinn plutseleg i «Den møkkete gutten». Ei veke etter dukkar den døde kroppen opp… :  
«(…), akkurat der den største lyktestolpen sto, snudde hun seg. Hun lo og lyset avslørte at hun blødde fra gommene. – De fikk dem av meg! Ropet var til meg, hun så meg inn i øynene, med den grufulle gjenkjennelsen. Og så strøk hun seg over den tomme magen med begge hender og sa, høyt og tydelig: – Jeg ga dem denne og. Jeg lovte dem begge to.» (s.37).

Omsett av Kristina Solum.

Mariana Enriquez blir rekna for å vere ei av Argentinas beste og kanskje modigaste, unge røyster.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...