2. nov. 2017

Så vakker du er

av Brynjulf Jung Tjønn
Cappelen Damm, 2013


Ei lita bok med stort innhald
Døden.
Det er sommar og alt er annleis.  Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Han er berre ein skugge av seg sjølv. Allereie første natta etter at han har flytta inn blir sjukdommen tydeleg, da ligg onkel Simon på badet og kastar opp, før han ligg livlaus på golvet. Simon har kreft og skal snart døy. Henrik som snart er ferdig med 10. klasse, tykkjer det er vondt å sjå at livet til onkelen ebbar ut.

Kjærleiken.
Medan onkelen ligg sjuk heime, kjem Kjersti attende frå Roma. Kjersti som kvilte hovudet på skuldra til Henrik rett før sommarferien. No er ho heime, og kva skjer no?
Det handlar om å gripe dei sjansane livet gir ein – og om at brått ein dag er det ikkje fleire sjansar å gripe.

Historia har ei fin veksling mellom sorg og glede, det stygge og det vakre.

Som alle gode ungdomsromanar, kan denne meir enn gjerne lesast av vaksne. Den kritikarroste boka har også fått Brageprisen.

God bok!


Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...