11. okt. 2017

Alt det lyse og alt det mørke

av Brynjulf Jung Tjønn
Cappelen Damm, 2017


Ei historie om omsorgssvikt
Romanen startar med at hovudpersonen Vibeke skal møte dottera Hildegunn etter fleire år. Vibeke er innlagt på psykiatrisk institusjon, og ho mista omsorga for Hildegunn då ho var lita. Litt etter litt får vi greie på kvifor alt gjekk som det gjekk for 15–20 år sidan.
Vibeke veks opp med aleinefaren på ein liten stad. Trass i at faren har eit alkoholproblem, strevar og ikkje får dreis på yrkeslivet, er han ein god omsorgsperson. Då faren har fått oppdraget med å byggje den nye kyrkja i bygda, ser livet ut til å ordne seg for dei. Men - ein ekkel, fordømande peikefingermoralist av ein prest set ein stoppar for byggjeprosjektet. Utan eit ord eller forvarsel forlét faren veslejenta og bygda for godt.

Vibeke måtte flytte til den ugifte tanta si, men ho lengtar heile tida etter faren som ho forgudar. Historia har eit poetisk og sanseleg språk.

«Eg følgde etter han til sagbruket. Det var rim på bakken, skoa mine var sprukne i tuppen, frosten beit på tærne, men eg brydde meg ikkje så lenge eg fekk traske etter far. Frostrøyken frå munnen vår likna på snakkebobler, sjølv om vi gjekk der tause, fylte eg ord inn i desse snakkeboblene, eg fylte inn samtaler mellom oss, alt det eg ønskte vi kunne seie til kvarandre, men som vi ikkje sa. Som at du, far, er den viktigaste personen i livet mitt, viss du forsvinn, veit eg ikkje kor eg gjer av meg."

16 år gammal får Vibeke sjølv ei dotter, og etter kvart flytter ho til barndomsheimen. Men så bryt ho saman. Ho dreg ut i skogen og utfører ei handling som fører til at ho blir teke i forvaring og mister kontakten med dottera.

Alt det lyse og alt det mørke handlar om å forstå og leve med fortida - formidla i eit svært vakkert språk. God bok!

Brynjulf er ein prisløna forfattar. I 2013 fekk han Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er».

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...