12. juli 2017

Piken med fingerbølet

av Michael Köhlmeier
Bokvennen, 2017


Seks år gamle Yiza, i utgangspunktet namnlaus, blir plukka opp frå gata og plassert på ein barneheim. Språket er framandt for henne, og ho er livredd for politiet utan å eigentleg vite noko om kva politiet er eller kva dei gjer. Ho rømmer ganske fort frå barneheimen saman med to gutar, den litt eldre Schamhan og Arian, som er meir på alder med Yiza. 

Schamhan blir arrestert av politiet, og dei to heimlause borna må svoltne, skitne og utslitne klare seg sjølve i snøslaps og bitande kulde. Dei finn fort ut korleis dei skal unngå å vekkje merksemd i gatene, m.a. ved å bere ein stor presenning mellom seg. Slik ser det ut som om dei er opptekne med eit oppdrag einkvan har gjeve dei, og dei får såleis gå i fred.

Köhlmeier skriv hjarterått og smertefullt om eit brennaktuelt tema som gjer djupt inntrykk. I denne vesle perla av ein roman ser vi bitar av ein vanskeleg flyktningeproblematikk gjennom augo til eit uskuldig, lite barn. Lesaren ser borna utanfrå, men kjenner kulden, svolten og lorten på kroppen gjennom dei konkrete og nære skildringane av den uuthaldelege situasjonen dei rettslause, små flyktingane må overleve i. Yiza og Arian lever med lesaren lenge etter at boka er lesen. Ei viktig og naudsynt bok som burde fange mange si interesse.

Den østerrikske forfattaren har ein stor produksjon bak seg, og har motteke fleire litterære prisar.

Boka er omsett av Stein Dahl Mathisen.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...