25. juli 2017

Allmenn teori om glemsel

av José Eduardo Agualusa

Bokvennen, 2017 


Som ung flyttar Ludovica Fernandes Mano eller berre Ludo, saman med systera og mannen hennar, frå Portugal til Angola. Det er nå urolege tider i Angola, og då Angola kjempar om frigjering frå Portugal, blir systera og mannen sporlaust borte. Ludo sjølv har heile tida frå ho var lita, vore redd for ope rom, og ho blir skremt av volden som skjer utanfor. Ludo murar seg inne i leilegheita, og kjem til å bli verande der dei neste tretti åra. Her dyrkar ho grønsaker på terrassen, jaktar duer, lagar mat og held varmen ved å brenne møbel og bøker. Ho tenkjer og reflekterer gjennom dagbokskriving, men når dagbøkene er utskrivne, blir veggane det beste alternativet. Ein ung gut klatrar ein dag opp til balkongen hennar – det forandrar alt.

Boka har ingen kronologi, men er på eit finurleg vis sett saman av fleire historier og røyster der Ludo er midtpunktet, men der forteljingane til saman utgjer noko større. Romanen kretsar rundt dette med einsemd og det å vere kjenslevar, om makt, kven og kva definerer kva som er sant og ikkje, og kva som skal og kan gløymast og ikkje, anten det gjeld som enkeltindivid eller eit samfunn, eit land. Sjølv om boka er skildra på dramatisk bakgrunn, blir ho likevel òg fascinerande og sanseleg gjennom tilnærminga si til språket og orda; ord om ord.

Boka vart nominert til Man Booker International Prize i fjor, og det av gode grunnar.
Omsett av Christian Rugstad

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...