24. mai 2017

Skrue McDucks liv og levnet

av Don Rosa

Egmont Kids Media, 2016


Skrue McDuck er for meg den mest samansette og interessante anda av alle karakterane i Disneyunverset. Han blir oftast framstilt som sur og gjerrig, men alle som har lese nokre seriar veit at Skrue er mjuk på botnen, og at han har tent formua si gjennom ærefullt, hardt arbeid.

Skrue McDuck vart skapt av meisteren Carl Barks i 1947, alle vaksne i Noreg har eit forhald til "den gode teiknaren" frå oppveksten. Skrues reiser rundt om i verda vart alltid skildra med overraskande riktige fakta, så vi lærte faktisk litt når vi las teikneseriar.

Den "nye gode teiknaren", Don Keno Rosa, vaks også opp med Carl Barks sin Skrue McDuck. Don Rosa har heile tida basert  historiene sine på Carl Barks sitt forteljarunivers. Teikningane hans er utruleg detaljrike, og historiene er støtt bra.

Skrue McDucks liv og levnet er ei heilt spesiell historie. Ho kom ut i tolv kapittel mellom 1991 og 1993. Don Rosa har gått grundig gjenom alle Skruehistoriene til Barks og leita fram, og kronologisert, kvar einaste kjensgjerning om Skrues tidlige liv. Fann han ein referanse om noko som helst som Skrue har vore med på, blir dette utdjupa ein eller annan stad i serien. Don Rosa har også lagt utruleg mykje arbeid i å lesa seg opp på historiske fakta, sjølv eit bakgrunnsbilete av gullgravarbyen Dawson frå 1898 har ekte namn på hotell, butikkar, saloonar, til og med tannlegen sitt namn stemmer.

Teikneseriane til Carl Barks og Don Rosa er nesten alltid "utu hyllun" her hos oss, ungane elskar fortsatt denne fantastiske kulturarven. Eg trur at også vaksne som har trudd dei er for vaksne for nyare historier frå Andeby, vil ha stor glede av å lesa denne praktutgåva av ein teikneserie. Gjennom nesten 450 sider får vi dei 12 originale kapitla, nokre tilleggskapittel, tidslinje for Skrue sitt liv, utgjevingsdata, utdjupning av referansar til Carl Barks-historier, samt introduksjon til kvart kapittel av sjølvaste Don Rosa.


Are Flaten
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...