4. mai 2017

Jeg heter Lucy Barton

av Elizabeth Strout

Press, 2017


Og jeg tenkte: Jeg skal skrive, og så kommer ikke folk til å føle seg så alene!

Det er tredjeklassingen Lucy Barton som tenkjer dette. Etter skulen sit ho att i klasserommet og les bøker og bestemmer seg for å bli forfattar. Heime har dei ikkje bøker. Ikkje TV, varme og nesten ikkje mat heller. Vi er i Midtvesten på sekstitalet. Lucy bur saman med mora, faren som er krigsveteran og to sysken i onkelen sin garasje utanfor småbyen Amgash, Illinois, langt frå folk, med mais- og soyabønneåkre på alle kantar. Familien Barton går for å vera særingar. Lucy kjenner seg aleine, og oppvekstvilkåra er harde. Iblant blir ho stengt inne i faren sin truck, stundom vankar det slag, og The Thing som ho kallar det, er noko unemneleg.

Men Lucy som kjem "frå ingenting", som svigermora uttrykkjer det i bryllupet hennar, lykkast med planane sine. Ho legg ut på ei durabeleg klassereise, tek utdanning på universitetet, blir forfattar og etablerer seg i New York City med ektemann og to døtre.

Etter ein operasjon får ho ein langvarig infeksjon og må vera på sjukehuset i ni veker. Lucy har ikkje hatt kontakt med familien heime i Amgash på fleire år, men plutseleg ein dag sit mora ved sjukesenga. Det er dei fem døgna på sjukehuset med mora og samtalene dei to fører, som er essensen i romanen. Dei sirklar rundt grauten, held seg til trygge samtaleemne som "bygdesladder" om korleis det har gått med dei andre i nabolaget. På famlande vis søkjer dei nærleik og kjærleik gjennom samtalene, held seg til det som bitt saman og unngår det som skil. Trass avstanden og den grove omsorgsvikten ho var utsett for, elskar Lucy mora si. Noko uttalt kjærleikserklæring frå henne får ho aldri, men kanskje er det nærveret og lyden av mora si stemme som tel mest:

It was the sound of my mother's voice I most wanted. What she said didn't matter.

Jeg heter Lucy Barton er usentimentalt fortalt, fort lese, seint gløymt. Boka var blant dei nominerte til den prestisjetunge Bookerprisen 2016. For romanen Olive Kitteridge vann Elizabeth Strout Pulitzerprisen 2009. Omsett av Hilde Rød-Larsen. 


Rita Mundal
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...