10. mai 2017

Far din

av Bjørn Ingvaldsen
Gyldendal, 2016


Det lille bygdesamfunnet lever i fred og fordragelegheit, dei fleste jobbar på fabrikken og har eit bra liv.

Men - så blir den lille bygda råka av ei tjuveribølge.

Leo kjem heim frå skulen ein heilt vanleg dag. Det står ein framand bil i gata. Ein nysgjerrig, skadefro og sensasjonslysten nabo seier: «Politiet er her, og dei har arrestert far din». Bygdesamfunnet får raskt greie på kva faren til Leo har gjort. Han har stole ting på fabrikken der han jobbar, og han har stole ting heime hjå venner og kjente.

Faren er ein tjuv -  no er han arrestert - Leo og mora har ikkje ant nokon ting.

“Jeg trakk pusten. Mamma så ikke på meg. Hun så mot TV-en. Jeg så på mamma.
- Har han stjålet TV-en vår?
- Vet ikke.
- Stolen din?
- Vet ikke. Sikkert.
- Er alt vi eier, stjålet? Klærne mine? Spillene? Senga mi?
- Jeg vet ikke. Ikke alt. Noe, kanskje.
- Tar politiet alt vi eier?
Mamma snudde seg mot meg, så på meg.
- Alt vi eier? sa hun. Alt vi eier? Vi eier ikke noe. Alt sammen har den jævelen stjålet.”

Politiet tek med seg sykkelen som Leo fekk til bursdagen sin, den er tjuvgods. Bestekompisen Roger held seg plutseleg unna. Bygdesamfunnet rottar seg saman mot den lille familien. Klassekameratane mobbar og dei må flytte frå huset dei bur i – det er fabrikken som leiger ut husa til arbeidarane sine.

Heldigvis viser det seg at det finst gode menneske også - og at det finst håp.

Boka er ein ungdomsroman som absolutt kan lesast av vaksne. Den er lett å lese, men ikkje fullt så lett å fordøye. God bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...