13. apr. 2017

Nær livets ville hjerte

av Clarice Lispector

Bokvennen, 2016


Vi møter den sterke, rebelske og uavhengige Joana som giftar seg med Otávia, men ho har vanskeleg for å finne seg til rette i ekteskapet. Vi får òg møte Otávia sin tidlegare kjæreste Lídia, men i motsetnad til Joana, er Lídia, viljug til å gifte seg og få barn. I boka får vi følgje Joana si indre kjensleverd der ho kastar seg ut i alt ho ikkje skjønar ut or livet, der ho nok ventar på noko som aldri kjem. Boka blir ei uvanleg iakttaking av livet som eit mysterium; kva livet kan bestå av og består av. Denne iakttakinga er både filosofisk, sanseleg og kjenslesterk, samstundes direkte og uraffinert. Boka skil seg vesentleg ut og er noko anna enn det eg har lese tidlegare i allefall; ei kjensle av mystikk. 

Boka vart sett på som moderne og original da ho kom ut i si tid. Clarice Lispector reknast i dag som ein av dei viktigaste forfattarane i verdslitteraturen.

Omsetjar: Anne Elligers

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...