14. mars 2017

Happy Sally

av Sara Stridsberg

Aschehoug, 2014


Svenske Sally Bauer svømte over Den engelske kanal i 1939. Å motstå tidevatnet, andre si  mistru, utmattinga og saltet var ikkje umogleg likevel. Vi er i 1983. Ellen er besett av Sally og vil symje i pionérkvinna si bane. Ho inngår eit veddemål med mannen Viktor: Om ho klarer å krysse kanalen, skal ho få vie seg til symjinga. Om ikkje, må ho og ungane vere med Viktor på segltur over Atlanterhavet.


Det vekslast mellom ulike forteljarstemmer og tider, og Ellen si dotter har ei av dei viktigaste stemmene. I 2001 reiser ho tilbake til Dover og minnast sommaren da mora skulle krysse kanalen. Gjennom minne, dagboknotat og postkort møter vi ei mor som berre er lukkeleg når ho er i vatn. "Du er på vei ned til sjøen. Svømmebrillene rundt halsen, flygende hår, lykkelig. Jeg henger meg fast i armene dine, gråter når du går fra meg."

Her er blikket tydeleg fiksert på ei ledestjerne, og kva blir konsekvensane når ein ikkje lev opp til eigne mål? For kva gjer ein med ein kanalsymjar som ikkje heilt klarer å symje over ein kanal? Og kva gjer ein med ein mann som ganske tidleg skjøner at ho ikkje kjem til å klare det? Også er det dottera, som midt under kanalnatta ynskjer at mora ikkje skal kome seg over. Ein roman om kvinner med stormannsgale prosjekt, og om dei som må vente.
Dette er Sara Stridsbergs debutroman.

Omsetjar: Monica Aasprong.
Signe Thoresen Rolstad
Dovre folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...