8. feb. 2017

Menn som ingen treng

av Frode Grytten
Forlaget Oktober, 2016


Menn som ingen treng er Gryttens niande novellesamling. Eg hadde berre kjennskap til Grytten gjennom radioprogrammet "Salongen" på Nrk P2, kor han og Ruth Lillegraven er huspoetar. Dei tonesette dikta i "Salongen" er heilt geniale, så eg var positiv til forfattaren før eg las novellesamlinga. 

I novellesamlinga treff vi menn av mange slag, felles for dei er at dei er litt uttafor allfarveg, at dei slit med å finna fotfeste i ei verd der dei ikkje er til noko særleg nytte. 

Novella "Mann, 72" handlar om ein 72 år gamal mann som rotar seg bort ved Gardermoen ei julehelg og køyrer rundt på E6 utan å finne vegen heim i fleire dagar. Mannen, med vietnamesisk opphav, har ikkje fått taket på Norge og norsk sjølv om han har budd i landet i rundt 40 år. Han er framleis litt engsteleg for snø. 

I "Kokepunkt" treff vi Harry frå Lillestrøm, han får sparken som vektar etter altfor røff behandling av ein ung innvandrargut. Hendinga blei filma, og saka eksploderer i sosiale og offentlege media. Harry sjølv nektar å fortelja si side av saka, og blir uglesett av sambuar og lokalmiljøet. Han får seg ny jobb som administrator av ein stor gjeng arbeidssame polakkar, og syner etter kvart fram gode kjensler for desse. I den dramatiske endinga av novella får Harry ein slags hemn over journalistane. 

"1974" handlar om ei mor sin openlyse utroskap i hyttekolonien til smelteverket i Odda mens far er heime og jobbar og drikk, og ein tenåring sine seksuelle eskapadar med den to år eldre dottera til direktøren på verket. "1974 var året då far min tok til å gå laus på sin eigen familie. 1974 var året då eg venta på oppringingar frå ei galen jente som eg visste kom til å droppe meg straks ho var gått lei meg." 

Menn som ingen treng er ei jælma god novellesamling. Eg skal heilt sikkert lesa fleire av Frode Grytten sine utgjevingar. 

Are Flaten
Lom folkebibliotek

1 kommentar:

  1. Veldig fin anmeldelse! Likte at den var litt personlig og med fine skisser av noen av novellene. Tusen takk.:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...