26. aug. 2016

Maus

av Art Spiegelman


Maus er ein teikneserie, kanskje den viktigaste teikneserien som nokon gong er utgjeve. Art Spiegelman fortel historia om sin far, Vladek Spiegelman, ein overlevande frå nazistanes konsentrasjonsleirar. Vi følgjer Vladek gjennom ungdomstida og giftemål i Polen før krigen, til fangenskap i Auschwitz og livet etter krigen. Overlevingshistoria er sterk, Art Spiegelman maktar å beskrive det ubeskrivelege – den ufattelege tragedien  som ramma jødane under den andre verdskrigen. Teikneserien er ein stille triumf, bevegande og enkel, den er full av smerte og humor, og den fangar meg som lesar da den opplevas som ein utroleg viktig historie. 

Maus er teikna i svart/kvitt, bileta er ganske små og teksten er handskrive. Nazistane er kattar, jødane er mus, polakkane er grisar og amerikanarane er hundar, alle skildra veldig menneskeleg. Art Spiegelman bruka 13 år på å ferdigstille Maus, i 1992 vann den, som fyrste teikneserie nokosinne, den anerkjende amerikanske «The Pulitzer prize».   

Are Flaten
Lom folkebibliotek

17. aug. 2016

Parissyndromet

av Heidi Furre


«Han spurde meg om eg hadde gjort noko kult i det siste, og der og då svarte eg at eg hadde tenkt å flytte til Paris og han lo av meg og spurde om eg skulle leve ut klisjeen om å finne seg sjølv i Paris. Og kanskje skal eg det, kanskje eg endar opp med å finne meg sjølv i eit skap, under ei seng eller i baksete på ein bil, men mest av alt vil eg reise til helvete langt unna han, det skulle eg ha sagt, og så skulle eg ha gått, eller lagt meg ned på bakken, eller hoppa inn i ein pirattaxi, eller knust ei rute, kasta ein snøball med småstein i, sprengt ein postkasse, slått ned ei gammal dame. Men eg lo og gav han ein klem, og så gjekk han oppover mot Torshov, eg gjekk nedover mot Tøyen»

Tittelen til boken spiller på en diagnose man stiller på turister (særlig japanske) som får drømmer og illusjoner knust når de besøker byen. Det er ikke den drømmebyen de har sett for seg, men en by som alle andre med både gode og dårlige sider.

Parissyndromet er en fin liten bok om vennskap, kjærlighet og om forventninger til livet. Slik livet skal være, men som det ikke alltid er. Jeg likte særlig godt de lange setningene der forfatteren drar oss videre med tanker, ideer og forklaringer på ulike ting, akkurat slik som tankene ofte kan hoppe fra det ene til det andre.

May Britt Josten
Sel bibliotek

11. aug. 2016

Irma Dahl - den dedikerte begravelsesagenten

av Kristine S. Henningsen

Irma Dahl jobbar som telefonvakt hos Kirkens SOS-telefon, etter at ho har mista jobben som sjukepleiar på grunn av feilmedisinering av ein pasient. Irma er særskilt oppteken av døden, og ventar stendig på den "rette" telefonen -frå ein heilt seriøs sjølvmordskandidat.                                                                                                                                                                        
I påvente av "storfisken" får Irma kloa i jobben som ekstravakt hos gravferdsbyrået Wulffs, og kjenner det som at ho avanserer i dødens teneste. Ho går inn i jobben med stor iver og eit grensesprengjande engasjement; ho tek til med styrketrening for å bli sterkare til å bere kister, nyttar fritida på ekstra kundepleie, og spionerer på konkurrenten Lycke Hansen AS. Det blir råkøyring av likbil med last for å nå skuleavslutning, bering av alt for tunge lik ned tronge trappeoppgongar, og henting av gravstein i Valdres på nyttårseftan.                                                                                                                                                                                  
Gode doser morbid humor, krydra med dei mest underfundige sprell og dødsinspirerte påfunn, gjer denne boka til ei humrande oppleving. Leikande lett språk og pinlege scener gjev god framdrift og gjer lesinga fornøyeleg, utan å by på dei heilt store, litterære verdiane. På slutten av boka får lesaren innblikk i den urovekkjande bakgrunnen til hovudpersonen, men dette forblir noko mystisk. Kjennskapen med den godeste Irma Dahl er derimot ei sjeldan humoristisk oppleving!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

5. aug. 2016

Den japanske elskeren

av Isabel Allende

I denne romanen er det mange parallelle historier fram og tilbake i tid. Hovudpersonane er Alma og hennar familie og Ichimei.

Familien til Alma er polske jødar. Når 2.verdskrigen tek til i Polen blir Alma sendt til San Francisco for å bo hjå slektningar der. Ho blir ven og kjæraste med Ichimei, sonen til den japanske gartnaren. Etter det japanske angrepet på Pearl Harbor blir Ichimei og hans japanske familie fiendar av USA og dei to blir brutalt rivi frå kvarandre. Den japanske busettinga i California blir øydelagt  og det blir oppretta interneringsleirar for japanarane i ørkenen i Utah.

Når Alma og Ichimei møter kvarandre opp gjennom åra må dei alltid skjule kjærleiken. Det kan aldri bli dei to. Alma giftar seg med fetteren Nathaniel, får barn og eit langt liv.

Når forteljinga tek til er Alma 74 år og bur på aldersheimen Lark House i San Francisco. Her bur det hippiar, fritenkarar og spirituelle, det blir servert økologisk mat og alle kan leve eit fritt liv.

Livet til Alma blir fortalt gjennom den unge pleiaren Irina frå Moldavia og barnebarnet Seth. Både Alma og Irina ber på hemmelegheiter.

Boka er lettlese og innom mange tema. Det er dyster historie, kjærleik, humor og livsglede.

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...