1. des. 2016

Engel i snøen

av Anders Totland

Gyldendal, 2016


Forteljaren i romanen er eit barn, eit sjukt barn. Utan at det blir skrive, forstår vi etter kvart at vi er på eit sjukehus. Ordet kreft blir ikkje nemnt ein einaste gong, men det blir etter kvart opplagt at temaet er kreftsjuke barn. Anders Totland har altså valt eit tema det er vanskeleg å prate om - korleis unge menneske med ein mogleg dødeleg sjukdom har det. 

Snø er eit gjennomgangstema i romanen. På baksida står det: "Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen.".


Det er mykje sorg og vemod i Engel i snøen, men det handlar også om omsorg, kjærleik og vennskap. Forteljaren svarar alltid "Det går bra" på spørsmål om korleis hen har det. Det er heldigvis ikkje alle som lar seg lure, pappa og sjukepleiar Idun gjennomskodar forteljaren. Pappa'en til forteljaren er heilt fantastisk, han syner ein enorm kjærleik og omsorg. Vi møter andre barn og vaksne gjennom forteljaren; ein ven frå heimtraktane, Johannes, med ei mor som er prest og flink til å sjå forteljaren. Det er Leander som har vorte frisk, men som stadig skriv brev og kjem på besøk til forteljaren. Silje, som er ganske så sjuk, lærar forteljaren å spela på piano.



Dette er ein kort roman, språket er lettfatteleg, det er knapt og presist. Mellom linene er det plass til alt det usagte i romanen som vi forstår undervegs i lesinga. Eg har sett Anders Totland framføre heile boka saman med piano-spel for ein tiande-klasse, det var ei gripande stund og ein heilt stille skuleklasse.



Are Flaten
Lom folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...