17. nov. 2016

Sauebondens liv: fortellinger fra den engelske landsbygda

av James Rebanks

Forlaget Press, 2016

James Rebanks skildrar i denne boka livet som sauebonde på landsbygda i nasjonalparken Lake District, nordvest i England. Han skriv om utfordringane og gledene ved å drive ein sauegard, gjennom mange år og gjennom alle årstidene. Med kjærleik til dyra og jorda fortel han om saueraser, saueavl, lamming, saueklypping, beiterettigheiter,  m.m. 

Rebanks er odelsguten på garden som i meir enn 600 år har vore i familien. Det var sauebonde han skulle bli. Han var ikkje så interessert i skulearbeid og droppa tidleg ut av skulen. Men som vaksen tok han kveldskurs og studerte ved Oxford. 

Forfattaren ynskjer å auke respekten for sauebøndene ved å skrive om arbeidet dei gjer for å bevare kulturlandskapet i Lake District. Eit landskap  som Alfred Wainwright , forfattar av turguidar, og Beatrix Potter, barnebokforfattar,  elska og som turistar i dag elskar.

I ei tid der det blir færre bønder, mens mange andre drømmer om eit roleg liv på landet, gir forfattaren eit realistisk bilete av sauebondens liv. Men sauebøndene i Noreg i våre nasjonalparkar har nok større utfordringar med rovdyr enn den engelske
sauebonden.

Boka kom ut på engelsk i 2015 og er omsett til norsk av Hege Mehren.

James Rebanks er i tillegg til sauebonde ekspertrådgivar i UNESCOs verdsarv-program.

Hanne Gran
Skjåk folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...