19. okt. 2016

Svart belte

av Marianne Clementine Håheim

Oktober, 2015

Tretten år gammal syklar ho til sin fyrste sommarjobb på hotellet. To år seinare er ho klar til å øydeleggje. Kroppen har ny form og det veks dun på ryggen.

Ho er kanskje lita og gjer lite ut av seg når du ser henne, men like lite som ho gjer ut av seg, like stor, sterk og verknadsfull er ho på innsida. Eg snakkar om boka Svart belte av Marianne Clementine. Dette er ei bok som ikkje bør gå oss forbi. Dette er ei bok som gjev oss eit spark, ho er direkte og farleg, men di viktigare. Temaet er eteforstyrring, og måten dette blir framstilt på, er berre framifrå – framifrå i sine poetiske, men samstundes råe skildringar. Her er detaljar og mange språklege bilete.   

Romanen syner kor mangefasettert ei eteforstyrring kan vere: Identitetsskapande; kven er eg, ei lengt etter å bli nokon andre. Det er ein måte å bli sett på, ein måte å meistre og kontrollere situasjonar på og ein måte å syne seg sterk på. Med eteforstyrring kjem òg lygnene og narringa. Alt dette blir eg-personen sitt prosjekt. 

Når du verkeleg vil vere svolten, er den gnagande kjensla ei dør du kan opne inn til eit rom kor du får fred. Der kan du kvile medan du kjenner på magen som trekker seg innover mot ryggrada (…) Sterkare dag for dag, sterkare dess nærare du kjem skjelettet. (s. 27).

Den same kvite marken finn veg til offerstaden min under steinen. Eg er takksam for det. Dei får meg til å føle at det eg gjer, ikkje er unaturleg, sjukt. Så snart eg er ute i skogen, blir handlingane mine ein del av krinslaupet. (s. 68).


Boka er ikkje til å kome frå, ei særs personleg ei. For dei som sjølve har slite med eteforstyrring (gutar såvel som jenter) eller for andre vaksne rundt dei, er dette ei historie verdt å lese. Ho er vond, men vakker, ho er godt skriven og lett å lese.


Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...