6. okt. 2016

Repetisjonsøvelse



av Runar Mykletun

Aschehoug, 2015


Endre kommer inn i stuen, men det er Ole hun ser. Ole er kraftigere, Ole er lavere. Ole var kraftigere, Ole var lavere. Alle mødre har sin favoritt. Ingen mor kunne elske to sønner uten annet til felles enn musikksmaken, med en kjærlighet som var like sterk, som var den samme. Ole brydde seg ikke om annet enn mennesker og musikk.

Det er Anette sine tankar vi får del i her. For ti år sidan mista ho den eldste sonen i sjølvmord. I boka Repetisjonsøvelse, debutboka til Runar Mykletun, møter vi ein familie ti år etter tapet av ein son og ein bror. Vi får innblikk i kvar av dei fire familiemedlemmane sine liv og dei personlege problema dei strir med i det skjulte. Romanen er fortalt i eit knapt språk som godt speglar mangelen på kommunikasjon og avstanden mellom dei fire. Den store smerten som dei alle ber på, ber dei i det stille. Etter sjølvmordet har familen meir eller mindre gått i oppløysing. Familebanda er tynnslitne. Vi veit ikkje om det vil rakne eller halde i sluttscenen der dei fire for fyrste gong på fleire år er samla rundt bordet i barndomsheimen, med den tomme stolen mellom seg, til eit siste eller eit fyrste måltid. Repetisjonsøving.
 *

Dette er eit godt døme på ei bok som treng å pratast ut av hyllene av bibliotekarar i det ganske land. Framsida er langt frå bestseljande og prangande, kvit og kald med ein stol med to avsagde bein og malingsflekkar, illustrerande for innhaldet i boka. Det er ei bok som absolutt fortener lesarar, om eit vanskeleg tema, om det einslege individet og relasjonane i ein famile. Eg ser fram til fleire bøker frå debutant Mykletun.

Rita Mundal
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...