13. juli 2016

Pupper og egg

av Mieko Kawakami


Natsu bur i eit lite husvære i eit av Tokyo sine nedslitne strok. Ho får besøk av storesystera Makiko og dottera hennar, Midoriko. Makiko jobbar til vanleg som vertinne på ein snackbar. Jobben inneber å vere omgjengeleg med kundar og syte for at dei drikk og et så mykje som mogleg. Medan Makiko er besetjande kroppsfiksert og har eit brennande ynske om å forstørre brysta, har Midoriko slutta å snakke. Kommunikasjonen dottera har med omverda, skjer kun gjennom notat i ei bok. Kortromanen viser kvardagssituasjonar dei kvinnene i mellom, og spinn heile tida rundt det eigentlege problemet. Midoriko er i utviklinga til å bli kvinne, og tankane hennar til kropp og andre problem, kjem fram gjennom dagboksnotata i teksten. Kva kjem så kroppsfikseringa til mora av? Og kva gjer det med dottera? 

Romanen kan lett lesast isolert og tolkast som ei forteljing om eit vanskeleg mor-dotter-forhold, men til romanen fylgjer eit fyldig etterord av omsetjar. Med dette i bakhand let det seg vanskeleg gjere ikkje å sjå romanen i ein større historisk kontekst, den knyter fortid og samtid. Dette visast gjennom den teikna røyndommen i boka, både sosialt og økonomisk. Samtidig kan eit litteraturhistorisk perspektiv speglast gjennom tematikken, språket og bruken av namna, i følgje omsetjar. Han meiner at i bakgrunnen ligg det her henvising til, kjent i alle fall for den japanske lesar, den kjente kvinnelege forfattaren Ichiyõ Higuchi og ei av hennar viktigaste noveller; «Takekurabe». Kortromanen gjev eit godt bilete på det å vere kvinne og ikkje berre ha ein kvinnekropp, kva økonomisk stilling og posisjon det måtte innebere.  Eit ynske om frigjering er nok stort, men langt frå synleg.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...