1. juli 2016

Eplehagen

av Marianne Storberg

Sommaren 1814 søkjer den 25 år gamle enkja Maren Wiese jobben som guvernante hos den karismatiske presten Høegh i Asker.  Den unge apotekardottera frå Christiana har vakse opp som einebarn, og brorparten av livet hennar har så langt krinsa rundt det veldrivne apoteket til faren. Her har han undervist henne i alt frå anatomi og dyrking av plantar, til korleis ein framstiller ymse medikament.

Livet i prestegarden framstår for Maren som ganske annleis enn ho hadde tenkt seg; borna er sjuskete og dårleg stelt, prestefrua er bortreist, og Maren anar fleire løyndomar bak den rike fasaden. Den landbruksengasjerte presten planlegg ein stor eplehage for å vinne gunst hos prinsen, og har difor tilsett den svenske gartnaren Carl til å hjelpe seg. Med sin inngåande kjennskap til plantedyrking blir Maren ei solid støtte for Carl, men dei varme kjenslene som oppstår mellom desse to møter derimot motstand frå fleire hald, og dei blir uglesett for sin omtanke overfor fattige og svake i samfunnet.

Det tidstypiske, stemningsfulle språket og dialogane understrekar heilskapen i denne varme og velskrivne romanen, som på det beste minner litt om Undset. Forteljinga skin av historisk kunnskap og klokskap, og lesaren blir teken med på ei vidunderleg tidsreise av dei sjeldne. Verd å lese!

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...