6. apr. 2016

Unnskyld


av Ida Hegazi Høyer


Ei ung kvinne møter ein ung mann. Dei flyttar saman nesten med ein gong. Etter kort tid kjem dei fyrste teikna til at ikkje alt er som det skal vere. Kva veit dei eigentleg om kvarandre? Kor mykje vil dei vete? Kvar går grensa mellom sanning og løgn, draum og røyndom?

Dette er forteljinga hennar – om han, om Sebastian og kjærleik og draum, ein illusjon. Skildringa syner ein sterk fascinasjon over han – den akademiske og «vellukka» medan ho sjølv «berre» er ein barnehagetilsett. «Jeg likte tankene dine. Du ga meg en omverden, et voksenliv. Sånn var det. Du var min lykkeligste tid, og helt fra starten tegna jeg kart over deg. Umulig kart.» (s. 13). Han borar seg bokstaveleg talt inn under huda hennar. Ein ring av sterkt fiskesnøre som ho let vekse inn i huda på fingeren sin, syner eit sterkt bilete på denne altoppslukande påverknaden hans. Det ligg dessverre mykje alvorleg og uhyggeleg løynt under overflata, og lukkekjensla – den er langt frå evigvarande. Illusjonen er og blir ein illusjon, den vil breste, og løgner og løyndommar vil avdekkast. Kanskje er ikkje Sebastian heilt den han utgjev seg for å vere, men kven er han eigentleg? Her er frampeik og sterk symbolbruk.

Romanen er ubehageleg, men velskriven og god – ei medrivande forteljing som gjev lesaren ein del å tenkje på.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...