23. sep. 2015

Vinterindianere

av Anne Gjeitanger

Barndom på sekstitalet. Anne er seks år, ho teller ikkje dagar, ho teller berre ting å gle seg til. Ho har shorts og støvlar på og kjenner kanten av støvlane mot leggen når ho ikkje klør, for det er stille nede ved vegen, og både klegg og mygg. Farmora  smør på Finns myggstift, som er så sterk at fargetrykket på plastposane nokre gonger smittar av raudt og grønt på kleda når dei ber dei opp.

Forfattaren teiknar eit detaljrikt erindringsbilete av feriar på hytta i Nord-Noreg, kvardagsleik og skulestart heime i Bærum. Og korleis livet endrar seg når familien blir ramma av ei ulykke og broren dør.

I «Vinterindianere» ynskjer Anne Gjeitanger å formidla korleis eit barnesinn opplever verda rundt seg.


Grethe Stavheim Mømb
Lesja bibliotek

8. sep. 2015

Bienes historie

av Maja Lunde

Dette er en bok som har fått mye omtale etter at den kom ut. Forfatteren sier hun fikk ideen til boka etter å ha sett en dokumentar om Colony Collapse Disorder – bidød: «Filmen vekket mange spørsmål hos meg, jeg ble både fasinert og skremt. Hvorfor dør biene? Og hva gjør det med oss og med jorda?»
Biene er nødvendige for pollinering av planter og dermed viktig for verdens matvareproduksjon. Men det er likevel ikke biene, men derimot menneskene vi møter som er viktige i denne romanen.
Boka består av tre parallelle historier:


Biologen og frøhandleren William lever i England på 1850-tallet. Han ligger til sengs med melankoli, og den eneste han ønsker kontakt med er sønnen William. Etter å ha lest en bok får han plutselig en ide om å bygge den optimale bikube…


I den andre historien er vi i USA i 2007. George driver en biefarm sammen med kona Emma. Han snekrer bikubene selv og legger sin ære i å drive gården på en bra måte. Han håper sønnen Tom vil overta etter hvert, men Tom er mer interessert i å bli forfatter!
Den tredje fortellingen er lagt til Kina i år 2098. Vi er 50 år etter den store globale kollapsen som forårsaket massedød, sult og fattigdom i Europa og USA. Også i Kina har de store problemer, og de som er igjen blir styrt nærmest diktatorisk med hard hånd fra de mange komiteene. Tao og hennes mann jobber med håndpollinering av frukttær, et krevende og møysommelig arbeid. Så en dag blir sønnen deres syk og myndighetene tar han med seg til Bejing. Tao legger ut på en lang reise for å finne ham igjen, men overalt møter hun bare spøkelsesaktige og forlatte byer.


Selv om dette på mange måter er en dyster roman er den også veldig lettlest og fengende. Forholdet mellom barn og foreldre er et viktig tema i alle tre historiene.
Maja Lunde skaper livshistorier som berører og engasjerer, samtidig setter hun søkelys på et samfunnsaktuelt tema.


Bodil Vorkinn
Dovre folkebibliotek

2. sep. 2015

Din, alltid

av Gøhril Gabrielsen


Ei jente bur i lag med foreldre som kranglar mykje. Foreldra har eit intenst kjærleik/hat-forhold som gjer at dei knapt ensar dottera si; dottera blir nærmast ein tilskodar å rekne. Da jenta er 12 år får ho ein lillebror. Frå no av er ho ikkje lenger åleine om å søkje oppmerksemd frå foreldra. Samstundes får og likar ho å ha omsorg for veslebroren sin. Mor stolar på at ho klarar dette; jenta får stelle han og mor kallar henne den vesle hjelparen sin. Ein dag foreldra kranglar og veslebroren græt, så skjer det noko fatalt; noko som vil påverke og styre jenta sine avgjersler seinare i livet.

Boka er for det fyrste lett å lese, men ho kan verkeleg vere ein liten roman om dei store, universelle spørsmåla, dei universelle kjenslene. Boka teiknar eit dramatisk bilete av familieoppbrot og forholdet mellom mor og dotter; vi snakkar makt, kjærleik, det å kjenne på ansvar gjennom sine roller. Boka skildrar augneblink og situasjonar på ein truverdig måte. Ho skildrar kjenslevart, presist og sterkt om korleis det er å leve med skuldkjensle og korleis denne kan påverke vala vi gjer i livet. Boka har ein open slutt.

Ei nydeleg, men samstundes ei hjarteskjerande bok – verdt å få med seg!



Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...