25. nov. 2015

Du kommer i dag

av Karsten Alnæs

På ein pleieheim i Oslo vaknar den slagramma arkitekten Anders opp kvar morgon med ei framand kvinne sitjande ved senga si. Denne kvinna sit dag etter dag og fortel utrøytteleg om ein familie som levde lykkeleg saman for over førti år sidan, om hytteturar til sjøen, om små og større hendingar i ein levande kvardag med to ungar. Etter kvart forstår vi at dette er ekskona til Anders, ei kvinne han forlot for mange år attende til fordel for den unge og vakre arkitektkollegaen Cecilie. Cecilie på si side driv framleis det etter kvart velrennomerte arkitektfirmaet desse to bygde opp saman, og finn ikkje tid til å besøkje den sjuke mannen sin.


Karsten Alnæs har med denne vakre kjærleiksromanen skrive ei fortryllande god historie, der mannen etter kvart får ei djupare erkjenning for kva som verkeleg har betydd noko for han gjennom livet. Vi som lesarar får også godt innsyn i tankane til Anders, der han memorerer livet sitt, både i høve Karen og borna, men også i høve Cecilie og deira stormfulle tilhøve. Han skildrar m.a. eit samleie med Karen som ein "juletrefest på søndagsskolen" i høve det ekstatiske, hektiske han opplevde saman med Cecilie. Og lesaren er aldri i tvil om kva som sette dei djupaste fara i livet til Anders.

Romanen er på mange vis to kjærleikshistorier knytte saman i ei, og Alnæs brukar all si livsrøynsle og gode formuleringsevne i formidlinga av denne vidunderlege perla av ei bok. Ein nydeleg vakker og poetisk roman, som burde vore obligatorisk pensum for alle nyetablerte par.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...