28. jan. 2015

Tyskland

av Liv Mossige


Ein av fjorårets mest solide debutromanar, Tyskland, er ein stor roman i lite format, der forfattaren skildrar få menneske i eit svært avgrensa miljø, men som likevel tek opp store tema som klasseskilje, sorg, liv og død.

Vi opplever verda gjennom hovudpersonen Hanne, ei stor, uformeleg jente som med sitt mentalt lett tilbakeståande sinn og enkle språk tek lesaren med på si vandring ut i skogen mot Tyskland. Fortida til Hanne er prega av skam, smerte og einsemd, og ho forlet mora for å finne att den tyske soldaten Hein, kjærasten til den avdøde systera, som Hanne meiner tilhøyrer henne. På si reise i skogen møter Hanne onkelen Valj, som er på vandring mot noko enno større.

Det meste av handlinga forgår i skogen rett etter krigen, og romanen er ein lågmælt, stille roman med utprega sterke lukter. I spennet mellom natur og kultur, augneblinken og historia, det nære og det fjærne, får Mossige sjeldant godt fram det store i det vesle. Ein vakker roman utanom det vanlege.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek


21. jan. 2015

Du elsket alltid havet


av Lucy Clarke




"Du elsket alltid havet" er forteljinga om to svært ulike systre. Katie er organisert og planlegg alt til minste detalj. Mia er eventyrlysten og har problem med å halde på ein fast jobb, ho er impulsiv og saman med venen Finn legg ho ut på ei  jordomseiling.

Boka startar med at Katie får beskjed om at lillesystera er funnen død ved ei fjellklippe på Bali. Politiet trur det er sjølmord. Det har Katie vanskeleg for å godta og forstå, men samtidig veit ho at det er mykje ved systera ho aldri heilt har vorte klok på -  men å ta sitt eige liv? Katie kan ikkje slå seg til ro med dette, og etter at ho finn ei reisedagbok i sekken til Mia, bestemmer ho seg for å legge ut på den same turen i eit forsøk på å finne sanninga. Dermed forlet ho jobben og sin framtidige ektemann i London og tek fatt på ei reise som skal  komme til å endre livet hennar for alltid.

At forfattaren nyttar seg av to forteljarstemmer gjer at vi kjem nærmare begge systrene, vi lærer å kjenne dei på godt og vondt. Forfattaren har fine skildringar av Bali og Australia. 

Ei lettlesen og spennande bok!

Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

18. jan. 2015

Eleanor & Park


av Rainbow Rowell

Fontini, 2014




Året er 1986. Stedet er Omaha, Nebraska. 16-årige Eleanor har nettopp flyttet til byen med sin mor og småsøksen - og sin utilregnelige stefar. Hun føler seg tykk og bortkommen og da hun går inn på skolebussen første skoledag faller hun helt ut med sitt ildrøde hår og buksene som holdes sammen av sikkerhetsnåler. Det er bare én ledig plass. Ved siden av Park. Kjekke og kule Park. Som også er utenfor, om enn på sin egen måte. Neste dag er også plassen ved siden av Park ledig i. Langsomt får de øynene opp for hverandre og blir forelsket, akkurat slik man forelsker seg for første gang, når man er 16 år. Eleanor og Park er to sekstenåringer som er kloke nok til å vite at den første kjærligheten sjelden varer, men som likevel er modige og desperate nok til å forsøke.

En nydelig skildring av den første kjærligheten, og hva vi er villige til å gjøre for holde på den. Og om hvordan det å møte èn kan bety alt når livet ellers er vanskelig og tøft.

Eleanor & Park setter ord på alle de tankene og følelsene ungdom kan ha, og for oss voksne er det en påminnelse om hvordan det er å være ungdom!

En perle av en bok for moden ungdom, men absolutt en for oss eldre også!


Sel bibliotek




7. jan. 2015

Sjiraffens hals

En dannelsesroman

av Judith Schalansky


Her følgjer vi ein kvinneleg biologi- og gymlærar i tre dagar av livet hennar. Ho jobbar på eit nedleggingstruga gymnas i den delen av Tyskland som tidlegare var Øst-Tyskland. Vi blir sett inn i hennar tankeverd der absolutt alt blir tolka ut i frå ein biologisk forklaringsmodell, noko språkbruken i romanen understrekar, til dømes frukostbordet etter at mannen hennar har ete: «Et par smuler røpet plassen for næringsinntaket hans.»

Darwins lære er hennar oppfatning av korleis livet fungerer. At enkelte elevar blir mobba, passar inn i Darwins lære om naturleg utval.

Hennar biologiske tilnærming blir både satirisk og galgenhumoristisk som når ho får eit romantisk kort med duer frå dottera i USA som nett har gifta seg: «Gratulasjonsfugler. Fredsforkynnere under regnbuen. Men de var jo kjent for å hakke på hverandre.»

Judith Schalansky er ein ung, tysk forfattar og formgjevar som blir rekna som ei av Tysklands nye, litterære stjerner. Ho har også illustrert, formgjeve og typografert den vakre boka Atlas over fjerne øyer.

Sjiraffens hals er ei interessant bok fylt av svart humor og ironi. Det er også ei vakker bok med mange fine illustrasjonar. Prøv og sjå korleis ei biologisk tilnærming til tilvêrete kan fungere!

Torill Iversen
Lom folkebibliotek
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...