27. mars 2014

Over de hundre fjell

av Reyna Grande

 
 
11 år gamle Juana García sit i bølgeblikkskuret med lillesystera i armane. Vatnet står høgt over golvet, og mora har gått etter hjelp. Juana frys, er svolten og kjempar mot søvnen.
"Eg må ikkje sove, eg må ikkje ..." Da ho vaknar, er armane tomme. Tragedien er eit faktum.

Fortvila og desperat flyktar faren over til «El otro lado", den andre sida av fjella for å skaffe seg ein betre jobb i håp om få familien ut av fattigdommen. Mora blir att saman med Juana og gjer sitt beste for å skape eit godt liv medan dei ventar på livsteikn frå faren. Livsteiknet uteblir og livet blir vanskeleg for dei to. Det er vondt å lese om kva for makt den rike godseigaren får over den fattige mora og Juana. Som 14-åring bestemmer ho seg for å reise over fjella for å finne att faren. Det blir ei farefull ferd.

Boka er tankevekkjande, trist, sterk og handlar om illegal innvandring frå Mexico, sett med augo til dei fattige familiane som blir etterlatt i ei verd der menn er desperate, kvinner blir ofre og barn lengtar etter kjærleik og ein trygg familie. Forfattaren Reyna Grande er født i Mexico og som 9-åring kom ho til USA som illegal innvandrar.


 
Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek

1 kommentar:

  1. Jeg har også tenkt å skrive om denne, så jeg istemmer anbefalingen. Får vel finne en annen jeg da :-(

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...