12. juni 2013

Fortellingen om sju bål

av Johan B. Mjønes


Mary er ei fattig ung kvinne av indiansk bakgrunn som bur i Sør-Dakota saman med den sjuke dotter si. I Washington bur fotballspelaren Russell, som etter ei bilulykke blir tvinga til å gje opp karriera. På meisterleg vis knyter Johan B. Mjønes saman desse to skjebnene, samstundes med at han tenner sju historiske bål som  kastar glør inn i notida med den brutale bakgrunnen til indianarane.

Sjeldan har ein roman fylt meg med slik avsky i opprør og fortviling over valdtekter, mord og mishandling skildra så brutalt og pinleg nøyaktig. Mjønes målar bilete så groteske at lesaren vemmest i kvalme og opprør. På same tid serverer forfattaren dei vakraste, mest rørande scener som strålar i hjartevarme gjennom teksten. Som når Mary varsamt løfter ei tåre frå kinnet sitt og legg den som eit smykke på panna til den døde dotter si...

Mjønes skildrar truverdige hovudpersonar som tek bustad i lesaren, alt frå dei grusomme soldatane til den indianske bestemora. Dei mange gjentakingane i teksten forsterkar opplevinga og byggjer opp under den romanen som for meg blir gøymt i hjartet som ei uforgløymeleg, groteskt vakker forteljing.

Merete Byrøygard
Lom folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...