21. mai 2013

Fallvann


av Mikael Niemi

Det har vore ein regntung haust i Norrland, Sverige. Vassmagasinet er fullt. Til slutt blir det for mykje trykk og det heile sprekk. Katastrofen er eit faktum.
I desse flaumtider passar det vel ikkje betre eller skal vi seie dårlegare, enn med ei bok som denne. Her møter ulike menneske uførebudd ein storstilt natur og vasskraft i all si råe styrke. Her er ulike menneskehistorier og ulike lagnader, her er det spenning og tempo frå fyrste stund. Boka er både sår, vakker, provoserande og valdeleg i sine skildringar av natur, vatn og samansette personkarakterar, alt på same tid. Som lesar kjenner du kjenslene bli sett i sving, akkurat slik som vatnet. Du blir introdusert for situasjonar du slepp å vere oppe i, og glad er du for det! Katastrofen driv folk til handling, du ynskjer berre å vete korleis det skal det gå med alle. Møtest dei og får hjelpt kvarandre til slutt? Vatnet som symbol går att i boka og spelar ei dobbel tyding; både som næring til liv, men òg det som like fort kan øydeleggje eit. Boka seier til oss som menneske at vi må tenkje på kva som er viktig i livet og at livet er viktig.

Ann Kristin Leirmo
Lesja bibliotek

1 kommentar:

  1. Omtalen ga meg lyst til å lese boka. Det virker som den viser sammenhengen mellom det fysiske vannets egenskaper, elementet vann i filosofien og våre daglige tanker og følelser. Vann som er den store oppløser, men også en forutsetning for liv, symbol for det ubevisste og knyttet til vilje og følelser. Vi kan også tenke på daglig renhold, renselse og dåp.

    Takk til Ann Kristin for omtalen!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...